Siste frå Twitter:

Historie

X2 festivalen vart starta for 6 år sida av ein gjeng studentar ved Høgskulen i Volda. Etter den tid, har festivalen etablert seg som ein viktig vinterekstremsportfestival i Skandinavia. Utgangspunktet for X2 var skialpinisme og freeride, men festivalen har fått fleire "X´ar" gjennom åra. No er både kajakk og longboard faste X´ar, samt at paragliding, acro og downhillsykkel ofte er representert konkurransar på festivalen. 

X2 har ca 300 deltakarar frå heile Europa. I 2011 har festivalen 8 nasjonalitetar representert. Ettersom ROKKEN i Volda er vår "sosiale arena", er det totale volum deltakarar aldri større enn 550. Dette gjer festivalen til ein liten og hyggeleg festival der dei fleste deltakarar er utøver av ein eller anna sport. 

X2 festivalen har til no arrangert 12 NM cup/finale i dei ulike X´ane våre. 

Velkommen til ein sosial festival midt blandt alpine fjell i Sunnmørsalpane! 

-X2-