X2 Festivalen 2009

Om X2 festivalen

Om X2 festivalen | Reiserute | Overnatting | Presse | Styret | Dokument

X2 Festivalen er eit freeride og toppturarrangement midt i hjarte av Sunnmørsalpane. X2 er ein minifestival over tre dagar der deltakarar og publikum blant anna får oppleve spektakulær natur, konkurransar, konsertar og show. Det blir ein sosial festival i den litje studentbygda Volda på Sunnmøre. Fjella er vår leikeplass og Volda og Ørsta blir vår sosialiseringsarena.

Å være deltaker på X2 Festivalen er perfekt for dei som likar å kombinere tindebestigning og freeride med fantastiske naturopplevingar og afterski. På Sunnmøre er den alpine skikulturen ein rotfesta del av identiteten. I gammal tid vart tindane tilbedne av våre forfedre. Dette gjer vi endå. Vår alpine natur er eit område for rekreasjon, meditasjon og utfordringar på høgt nivå. Vi ynskjer å verne om dette urørte området av norsk natur.

Design by Frost media