Xcreek
Xcreek er ein utforkonkurranse for elvepadlarar. Konkurransen er lokalisert i elva Rossåa som renn gjennom Ørsta sentrum. Konkurransestrekket er på 450 meter med variert padling i form av fossar, sklier og tekniske stryk.
Xcreek vert arrangert for 3 året på rad og har kome som eit resultat av eit stort padlemiljø i Volda og Ørsta. Noko av formålet med denne konkurransen er å syne for nærmiljøet at elvene vert nytta til sport og friluftsaktivitetar, og at dette er ein verdi det er verd å ta vare på.
Vi inviterer til ein spennande konkurranse under vårløysinga i Sunnmørsalpane, så set av denne helga på kalenderen til padling og toppturar på Sunnmøre. Det er og fleire flotte elvar i området som er på sitt aller flottaste denne tida.
TRYGGLEIK
I sambande med avviklinga av Xcreek har vi fylgjande krav til deltakarane:
- Hjelm
- Vest
- Kasteline
- Creekbåt
- Synfaring og prøveomgang før konkurransen
Elva held grad 4 og arrangøren vil ha utplassert rescue rangers i kritiske parti.